Jernverket vert mest
alltid skrive med stor ”J”, ofte utan at ein finn det nødvendig å skrive kva
for jernverk det er tale om. For sjølvsagt er det jernverket på Mo, eit av
dei mest prestisjetunge ideologiske og industripolitiske prosjekta til den
norske arbeidarrørsla i etterkrigstida.
I dei politiske partia
sitt fellesprogram frå 1945 heitte det kort og godt at ”Jernsaken må løses”,
og i 1955 stod så Jernverket klart etter ei byggetid på 9 år. På byrjinga av
60-talet kom det også meir industri til Rana: A/S Norsk Koksverk,
ammoniakkfabrikken ved koksverket og Rana Gruber. Talet på sysselsette i
industri og bergverk vart dermed meir enn tredobla i perioden 1945 til 1965,
og jordbrukskommunen på Helgeland vart i løpet av eit par tiår ein av dei
mest typiske industrikommunane i landet. Og med dette vart den gamle
ladestaden Mo eit spelebrett for heile den norske venstresida. For dei var
her alle saman; arbeidarpartifolk, kommunistar og SF-arar. Og sjølvsagt kom
også AKP (m-l) til Jernverksbyen.
Mo i Rana er ein av
stadane som Kaderprosjektet ser særlig nøye på. Vi har gjennomført ein serie
intervju med ml-arar som var i Mo til ulike tider utover 1960- og 70-talet,
og dette er grunnlaget for denne artikkelen. Likevel er det viktig å
understreke at dette ikkje er ein endeleg konklusjon eller eit forsøk på å
skrive den definitive historia om ml-arane i Rana. Vi treng framleis fleire
intervju med sentrale personar i miljøet og gjennomgang av ulike kjelder som
kan kaste lys over ml-arane i Jernverksbyen.
Materialet vi har samla
inn så langt opnar likevel for å kunne danne nokre hypotesar eller
fortolkingar, som kan testast opp mot nye kjelder. Ei slik hypotese er at
heile den norske venstresida såg på industrimiljøet her som viktig.
Industriarbeidarmiljøet i Rana var ein stor politisk arena, der både
enkeltpersonar og organisasjonar kunne spele seg ut. Ei anna hypotese er at
den sterke proletære tradisjon som eksisterte i Mo før ml-arane kom til,
fanga inn og på avgjerande måtar prega ml-rørsla sine aktivitetar her.
Kombinasjonen av stor prestisje, harde kampar og sterke proletære
tradisjonar gjorde såleis at den lokale varianten av rørsla fekk eit
særpreg, men sette kanskje også ein del trekk ved heile den norske ml-rørsla
på spissen.
Spelet om Mo
Det var få stadar det var
hardare kamp om det politiske og ideologiske hegemoniet enn nettopp i Mo i
Rana, men det var også her kommunistar sigra over arbeidarpartifolk i
uravstemmingar på allmøte i Mo Jern og Metall. At kommunistar som Dagfinn
Jakobsen og Gunnar Erlandsen vann fram i den lokale fagrørsla, var truleg
ein viktig røynslebakgrunn for ml-arane.
Samstundes er det viktig å
få med eit anna poeng. ”Rana har aldri passa inn” seier Inger Bjørnhaug som
skriv historia til klubben på Jernverket. Når dei politiske kampane mellom
SUF og SF tiltok mot slutten av 1960 talet, hadde Rana ei lang historie med
strid mellom ulike grupper på venstresida. I fylgje Bjørnhaug utplasserte LO
sentralt Nils Hillestad som leiar for Samorg i Rana alt i 1956. Kamp om makt
i fagørsla mellom sosialdemokratar og kommunistar var sjølvsagt ikkje noko
særskilt for Rana, men historia var likevel ei anna på Mo. Kommunistane i
Rana var aldri Moskovittar, men utgjorde ein indre opposisjon i NKP. Fleire
av dei var i si tid ekskluderte Furubotn-folk og dette oppgjeret kom også
langt seinare i Rana enn andre stadar i landet.
Det var såleis ein
tradisjon for at venstrepartia i Rana stod i opposisjon til si eiga rørsle -
frå NKP via SF til AKP. Unnataket ser ut til å vere Arbeidarpartiet. Her
tyder mykje på at konformiteten i høve til moderpartiet var sterk. Partiet
sin ordførar, Øverli gjekk t.d. ut i Dag og Tid og kravde forbod mot AKP
midt på 70-talet. Nokre få år før dette skal nokre SUF-arar ha prøvt å kuppe
AUF, og hadde sikra seg kontroll med lokalpartiet på Nesna. Forsøket vart
imidlertid slått attende av distriktsstyret til AUF som sat på Mo: ”Vi
bestemte oss for å bare la dem komme, så kunne vi håndtere dem”, seier ein
som sat i AUF leiinga lokalt. Også når SUF-arane i Nesna AUF vedtok å sende
heile lagskassa til FNL greip ein inn og gjorde om vedtaket, noko som førte
til at ein person i leiinga av AUF på Mo vart meldt til politiet.
Ml-rørsla sitt blad,
Elektroden, dreiv også i fylgje Inger Bjørnhaug ei tid i 1977 ein omfattande
hetskampanje i samband med bonuskampar på Jernverket, mot det ein omtala som
”arbeidararistokratiet”, ei lett attkjenneleg omskriving for
sosialdemokratar i fagrørsla. Dette utløyste eit benkeforslag om at
namngitte ml-arar skulle ekskluderast frå klubben på eit møte i Mo Jern og
Metall. Framlegget fekk fleirtal, men etter lange forhandlingar enda ein opp
med at eksklusjonen vart omgjort til ein suspensjon på eitt og eit halvt år.
Brotet med SF
Rana passa altså ikkje
inn. Men det er neppe feil å seie at industriarbeidarmiljøet i Mo i Rana var
eit prioritert område for den sentrale leiinga i ml-rørsla. Dette synte seg
i at ein alt på slutten av 1960-talet sende folk til Mo som skulle bygge
partiet. ”De gjorde de av og til”, fortel ein av våre kjelder. Fleire vi har
tala med meiner også at det alt før brotet med SF i 1969 fanst ein
uoffisiell partistruktur ved sidan av den offisielle i Rana SUF. Den lokale
SUF organisasjonen på slutten av 1960-talet vert imidlertid skildra som
verken avansert eller utspekulert: ”Vi hadde ingen strateger i Mo i Rana […]
og vi var kanskje ikke så ekstreme heller, som bevegelsen sentralt. De hadde
vel en eller to mann her opp i SUF laget som de hadde større tillit til enn
andre som de brukte, men de satt ikke i ledelsen”
Både i SF i Rana og i
Nordland SF var det dessutan mykje sympati for SUF, og mange meinte at ein
måtte opne dørene for dei unge opprørarane: ”De var ikke enig med oss
politisk men de ville skaffe rom for oss i bevegelsen, og det var det de
klarte å skaffe”, fortel ein som var aktiv når dette hende. Når
SF-landsmøtet i 1969 hadde gjort vedtak om å opprette ein ny
ungdomsorganisasjon gjekk såleis Rana SUF inn for at laget skulle halde fram
med å arbeide innanfor SF. Ein valte også folk som gjekk inn for denne lina
til SUF-konferansen som skulle stadfeste brotet. For mange vart dette
imidlertid den første opplevinga av at ein stod føre ei ny tid med nye
handlemåtar. At det var personar i SUF laget som hadde meir tillit sentralt
enn andre var ein klar over, men ingen av desse sat i lokalleiinga eller
vart valte til utsendingar. Sentralleiinga sine folk var likevel sjølvsagt
informerte om kva ein gjekk inn for, og ein av dei som hadde utgjort
mindretalet fekk reise med som observatør: ”Han som var ledelsens mann her
var informert om alt vi tenkte og gjorde, og han hoppa av toget og tok fly
nedover så han kom før oss […] Så når vi kom ned ble vi konfirmert i løpet
av noen få timer.”
Måten striden vart
handtert på frå SF sentralt, gjorde også ein del eldre SF’arar i Rana
forsvann ut av SF saman med ungdommen, men berre eit fåtal av desse vart med
inn i ml-rørsla. Ein av dei vi har tala med uttrykkjer det slik: ”Noen få
utvalgte […] fikk være med videre, og de fikk også slite litt etter hvert.”.
Det
proletære Rana
Det at ein fekk einskilde
”ordentlige” arbeidarar som stod fram som ml’arar på Mo, var truleg viktig
for den lokale rørsla: ”Noe av det artigste for en slik bevegelse var å ha
voksne arbeidere, vi skulle jo representere klassen og klassens
interessert”. Desse var, særleg i den første fasen, meir sentrale enn dei
sjølvproletariserte, enten dei var frå nærmiljøet eller kom frå andre stadar
i landet, for ml-miljøet - det at ein hadde slike lokale ledestjerner som
var proletære.
Samstundes fekk dei pur
unge partikadrane oppleve at glansbildet dei hadde av ”Arbeidaren” ikkje var
så enkelt i den verkelege verda. Arbeidarane var nemleg ofte ikkje så enkle
å ha med å gjere. I ein interessant lokal parallell til oppgjeret med Kjell
Hovden, streikeleiaren frå Norgass (”Det sies at det var større bilder av
han enn Mao i Oslo studentsamfunn”), gjekk den lokale partileiinga på Mo
våren 1971 inn for å isolere den mest idealiserte av dei lokale
ledestjernene. Han var då kring 40 år, arbeidde på jernverket, og vert
skildra som ”svært selvstendig […] han var veldig tøff mot alle avvikere,
DNA folk og NKP’ere, og derfor ble han hylla og bygget opp som tillitsvalgt
på jernverket”. Sjølv ranværingar som då var i militærteneste så langt borte
som Bardu fekk beskjeden om at han skulle isolerast.
Grunnen til vedtaket var
at han skulle vere Hovden-tilhengar, ei av dei verste skuldingane ein
ml-arar kunne få på seg på det tidspunktet. Mistanken vart utløyst av at han
hadde motsett seg eit direktiv om å lage husleigestreik i eit burettslag.
Han skal etter det våre kjelder fortel ha svart at ”Jeg tar ikke imot ordre
fra speidergutter”. Ein kan sjølvsagt tenke seg for ei blodig fornærming
dette var for kortklippa, ordentlege og alvorlege unge leiarar i ml-rørsla.
”Viss man skulle rive ned
noen man hadde bygget opp måtte man sverte han”, slik skildrar ein av dei
som var i Rana under denne prosessen det som hende. Leiinga skal ha starta
ein ryktekampanje: ”Alt som kunne brukes som bløff, og noe kunne endatil
være nær sannheten, han var jo en autoritær type, men ikke en bølle, alt
bygget seg opp til å lage en ryktekampanje om for et svin han egentlig var”.
Det gjekk så langt, har ei kjelde fortalt, at ein oppmoda kona hans om å
spionere for å finne ut om han stod i kontakt med Hovden. Dette skulle
imidlertid får dramatiske konsekvensar for den lokale ml-leiinga.
I byrjinga av 1972 ”lå
partiet med brukket rygg fordi mange av de som hadde vært med på vedtaket
hadde dårlig samvittighet fordi de kjente han godt og hadde meldt seg ut en
mass så det var bare en liten kjerne igjen.” Resultatet vart at partileiinga
sentralt såg det naudsamt å sende nye folk nordover, eit ektepar, for å
bygge opp att partiet, sjølv om ikkje alle vi har tala med er like sikre på
at dette vart gjort fullt så instrumentelt frå partileiinga: ”Om hun fikk
jobb [på Mo] eller at de fant ut at de skulle søke hit fordi de hadde behov
for det, vet jeg ikke. Men det er ikke tvil om at han var fra den harde
kjernen”, meiner ein av dei vi har tala med. Det første grepet som vart
gjort av den nye partileiinga, var at lokale ml-arar som hadde stått utanfor
kampanjen året før fekk beskjed om å reparere forholdet til den isolerte
arbeidaren: ”Uten at vedtaket formelt sett var opphevet vart jeg sendt ditt
for å bygge opp forholdet igjen og på en eller annen mirakuløs måte sluttet
han seg til rekkene igjen”, har ein av dei fortalt til Kaderprosjektet.
Dette var imidlertid ikkje
siste gangen denne arbeidaren vart eit problem for ml-leiinga i Rana. Berre
to år seinare, i 1974, var han ein av eit titals personar som den nye
partileiinga ekskluderte, men også denne gongen vart han teken til nåde att,
og gjekk villig og utan protestar attende inn i folden: ”Hvordan han klarte
å finne tilbake igjen og akseptere det har jeg problemer med å forstå” seier
ein av dei som hadde mykje kontakt med han.
Med
AKP i Rana
”Dette var en by hvor
proletariatet prega byen […] Det er ikke tvil om at Jernverket var det store
politiske flaggskipet med stor ”F” til Arbeiderpartiet helt fram til
oljealderen. Det var viktigere enn Grenland og Sunndalsøra og alle de
stedene. Det var stor prestisje her, og dermed hadde fagforeningsarbeidet og
hele byen vært veldig politisert. Kommunistene og AP hadde slåss gjennom
hele ’40-’60 tallet. Når vi kom tok vi over mye av den gamle bølgen der,
eller i alle fall prøvde det.”
Slik skildrar ein av dei
vi har intervjua tilhøva i Rana på midten av 1970-talet. Det er svært
tvilsamt om det på noko tidspunkt var fleire enn kring 50 ml-arar i Mo i
Rana, sjølv om ein på store demonstrasjonsmøte eller i 1. mai tog kunne få
så mange som 250-300. Langt dei fleste ser ut til å ha kome frå Nord Noreg,
og eit fleirtal vart 1. generasjons akademikarar som hoppa av utdanninga for
å gå attende til miljøet foreldregenerasjonen virka i. Eit radikalt miljø
kring Høgskulen på Nesna på byrjinga av 1970-talet ser også ut til å ha vore
viktig. Fleire sentrale ml-arar kom herifrå.
I byrjinga ser det ut til
at ein var organisert i eitt stort ml-lag på Jernverket, som samla alle frå
stålverket, valseverket, råjernverket osb. i eitt lag, som så hadde smålag
innanfor seg. Men sommaren/hausten 1976 endra ein, uvisst av kva grunn, på
dette mønsteret. Då vart ein splitta opp i mindre lag utifrå kvar ein
arbeidde på Jernverket. Til dømes utgjorde Pelletsverket og Helseavdelinga
eit slikt lag. Desse laga kunne i byrjinga vere så små som berre 4-5
personar. Om denne organiseringa også vart gjennomført på Koksverket veit vi
ikkje.
Rana var også maktsentrum
i heile landsdelen. ”Om vi ikke vant så mange store seire, så fikk vi
likevel en del slike. Ingen andre klarte å få til lignende seire. Det var
valgt folk inn i kommunestyret her, vi greidde å få folk på Jern og
Metall-kongressen, vi greidde å gjøre ting som ble lagt ute til. De andre
stedene her skjedde ikke det.” Årsakene til dette ligg kanskje i to tilhøve
som fleire har påpeika skil Rana frå resten av Nord Noreg.
For det første var ein
ekstremt resultatorientert, sjølv om dette var eit typisk trekk ved heile
rørsla. ”Vi talte sjeler i 1. maitog, vi telte stemmer, kroner til
streikestøtte og andre aktiviteter, kor mange vi fikk med på sommerleirer.
Det var kvantitetsretta. De som greidde å få positive resultat ble sett opp
til.” Rana leverte dei beste resultata, og i eit system som AKP vert det
fort sjølvforsterkande når ein set opp målsettingar og greier å overoppfylle
dei. Det andre tilhøvet var at ml-miljøet i Rana internt i Nordland vart
sett på som svært sekterisk samanlikna med andre stadar i Nordland, som t.d.
Brønnøysund, Mosjøen eller Bodø. ”Her var det veldig mye mer båser. Og det
var med på å gjøre miljøet hardere”, forklarar ein vi har intervjua.
Det er mykje vi har gått
fort over i denne artikkelen, av fleire grunnar. Ein kan i fleng nemne det
omfattande kulturelle livet (kor, band, Oktoberbokhandel osb.); den
omfattande fagleg-politiske verksemda som mange ml-arar var sentrale i;
overvakinga av ml-arane (ein vi har tala med hadde tom mappe frå tida på
Mo!), kvinnene si stilling (kvinnesynet til den mannlege delen vart ofte
tema i kadervurderingar, som regel med påfølgande kanossagang), og mykje
meir. Dette og meir skal vi heilt sikkert kome attende til. Når ein skal
skrive historie om den norske ml-rørsla trur vi at Rana kan fortelje oss nok
særleg, ei historie som er både lik og annleis enn den store ml-historia. Vi
oppmodar difor om at alle som har kommentarar eller innspel, både i høve til
det vi har sagt og det vi har utelate, til å ta kontakt med Kaderprosjektet
– enten ein har observert utanfrå, levt med rørsla inn på livet, eller levt
det proletære livet med arbeid på Jernverket og bustad i Stjerneblokkene.
Publisert
på
www.kader.no
13.04.2007