Dei var politiske pilegrimar som fann eit sosialistisk
paradis i Kambodsja.
Hausten 1978 vitja ein delegasjon frå AKP (m-l) Kambodsja. Dei såg ikkje
overgrepa eller folkemordet som gjekk føre seg mens dei var der. I staden
kom dei heim og fortalde om eit harmonisk samfunn og eit løfterikt sosialt
eksperiment. Dei var politiske pilegrimar som fann eit sosialistisk paradis.
Sjølv om talet på offer framleis vert diskutert, er det knapt nokon som
nektar for at Pol Pot-regimet i åra 1975 - 79 var ansvarleg for eit av dei
verste folkemorda verda har sett. I september 1978, medan dette regimet var
på det verste, reiste ein delegasjon frå AKP (m-l) - Elisabeth Eide, Pål
Steigan, Sveinung Mjelde og Tron Øgrim - til
Demokratisk Kampuchea på invitasjon frå Angkar-partiet. Formålet var å sjå
med eigne auge om det var hald i påstandane om overgrep og folkemord og å
vurdere om dei to partia skulle opprette offisielt samband.
Denne reisa og partiet si langvarige støtte til Demokratisk Kampuchea vart
ein verkebyll for dei norske maoistane. Meinige ml-arar var programforplikta
til å forsvare eit regime i eit fjernt land, som dei berre kjende til
gjennom det dei las seg til i Klassekampen, partiets internblad Tjen Folket
og tidsskriftet Røde Fane. For mange ml-arar vart
støtta til Raude Khmer ei belastning, sjølv om tilhøvet til Demokratisk
Kampuchea var noko som høyrde til i dei inste partisirklane, og ikkje vart
opplevd som viktig av dei meinige ml-arane. Men fornektinga av overgrepa i
dette ukjende landet langt borte var med på å isolere dei frå alle andre -
kun dei Kina-tru maoistane avviste rapportane om overgrep.
Det var ikkje berre norske ml-arar som reiste til Kampuchea i 1978. I april
vitja ei gruppe frå det amerikanske Communist Party Marxist-Leninist, og
skildringane frå denne reisa vart trykte i ml-aviser over heile Vesten,
inkludert Klassekampen. Så var det canadiske ml-arar sin tur, før Peter
Bischoff og Svend Aage Madsen frå det danske Kommunistisk Arbejderparti
(KAP) landa i Phnom Penh sist i juli, som dei første frå Norden.
Reiseskildringane som dei to skreiv i partiavisa Arbejderbladet vart slått
stort opp i Klassekampen. I august reiste ein delegasjon frå Sveriges
Kommunistiska Parti (SKP) leia av Jan Myrdal, og så seint som i byrjinga av
desember, då den vietnamesiske
invasjonen bokstaveleg tala sto for døra, kom ein delegasjon frå
Kommunistischer Bund Westdeutschland (KBW).
For Raude Khmer gjekk vitjingane inn i den større utanrikspolitiske
målsettinga om å manipulere omverda sitt syn på den kambodsjanske
revolusjonen og kampen mot Vietnam, og dei norske ml-arane spelte, saman med
dei andre ml-partia, ei viktig rolle for kambodsjanarane i denne
propagandakrigen. Reiseskildringane med autentiske forteljingar vart ein
skarp kontrast til rapportane om overgrep og folkemord i det lukka landet.
Under den veka dei norske ml-arane reiste rundt i Kambodsja fekk dei møte
både Bror nummer 3, Ieng Sary og Bror nummer 1, Pol Pot. Dei fekk sjå dammar
og kanalar som var under bygging av store folkemengder med primitive
reiskapar, dei fekk høyre at folkesjukdommar var utrydda, og dei fekk -
etter å ha bede spesielt om det - vitje ein velfungerande
jordbrukskooperativ.
Frå reiseskildringane, mellom anna publisert i boka «Angrepet på Kampuchea»
(1979) og i ein reportasjeserie i Klassekampen hausten 1978, ser ein at dei
stadig stilte seg kritiske spørsmål. Men ein ser også tydeleg dei
mekanismane og sperrene som vart sett i sving med ein gong røyndommen og det
revolusjonære draumebiletet ikkje stemde overeins.
På pressekonferansen Pål Steigan heldt etter at dei kom heim, var også siste
resten av kritisk refleksjon borte. Steigan kunne fortelje om ein open og
fri atmosfære. «Vi fekk gå fritt omkring i Phnom Penh, vi fekk fotografere
absolutt alt vi ønskte og snakke med dei folka vi ba om når vi var på reise
rundt i landet. I dei områda vi vitja fanst det ikkje militær spenning, eg
såg fem soldatar med gevær i løpet av opphaldet.»
Steigan avviste heilt at dei berre hadde fått sett det styresmaktene ønskte
dei skulle sjå. «Vi fekk improvisere og leggje om programmet slik vi bad om.
Mellom anna sto ikkje vitjing i jordbrukskooperativ på programmet, men det
insisterte vi på å få vitje, og dermed var det i orden.»
«Eg kan berre fortelje det eg sjølv har sett og høyrt og kan sjølvsagt ikkje
kommentere eit kvart rykte eller påstand som går om Kampuchea i
internasjonal presse eller bøker. Men vi såg meir enn nok til å avlive ein
del av det verste, berre ved hjelp av tilfeldige eksempel,» slo han fast.
«Någonstans måste väl terrorn kunne anas?» spør den svenske forfattaren
Peter Frøberg Idling i boka «Pol Pots Leende» (2006). Korleis var det mogleg
å reise i sju dagar, over 1000 mil, i ein brutal slavestat utan å sjå noko
som helst av grusamheitene?
Sjølv om ingen andre norske parti har hatt ei så omfattande reiseverksemd
til dei kommunistiske fyrtårna, var slike reiser ikkje noko som ml-arane
hadde funne på. Norske arbeidarpartifolk drog til Sovjetunionen på
1930-talet, Finn Gustavsen vitja Cuba, SV-arar var hjå Kim Il Sung i
Nord-Korea og Walter Ulbricht i DDR.
Frå Stalin sitt Sovjetunionen, til Castro sitt Cuba, til Pol Pot sitt
Kambodsja - frå George Bernard Shaw til Jean-Paul Sartre til Susan Sontag,
har vestlege intellektuelle omfamna ein visjon eller eit glansbilete av
ulike «revolusjonære» samfunn, ofte i desse samfunna sine mest repressive
fasar.
I boka «Political Pilgrims» (1981/1998) analyserer sosiologen Paul Hollander
dei eksterne og interne årsaker til interessa for revolusjonære draumeland.
Dei eksterne årsakene er i fylgje Hollander gjestfridomsteknikkane: den
systematiske manipulasjonen som dei reisande vert møtte med. Dei interne
årsakene er den ideologiske fantasien: indre mekanismar som hindrar
erkjenning av skilnadene mellom visjon og røyndom og skjuler det umoglege
ved det ideologiske prosjektet.
Den første typen gjestfridomsteknikk er iscenesetting. Sjølv om det var
skilnad på dei ulike reisene, syner interne dokument frå Kambodsja at
utvalet av reiseruter og stader dei besøkte, var godt planlagt. Val mellom
ulike ruter og reisemål berre forsterka gjestane sin illusjon om at dei
reiste fritt. Før opninga av landet hadde Raude Khmer sendt folk til Kina
for opplæring i å ta imot utlendingar, og det var desse som følgde
delegasjonane rundt. Dei utanlandske gjestane reiste med reiseleiarar,
tolkar og anna personale som dekte alle behov dei måtte ha. Desse formidla
ikkje berre språk og kultur, men også - som einaste samband til samfunnet
rundt - kva dei fekk sjå. Frå interne dokument
veit vi at alle spørsmål og ønske som dei reisande kom med, vart lagde fram
og nøye vurderte av den politiske leiarskapen i Phnom Penh. I ettertid vart
det laga omfattande rapportar om korleis gjestane hadde oppført seg, korleis
turen hadde gått, og kva utbytte ein kunne forvente seg. Informasjon om kvar
einskild gjest vart undersøkt før dei fekk kome, for å sikre seg at alle som
fekk innreise, var vennlegsinna.
Programmet var svært stramt, som ml-arane var vane med frå Kina.
Kambodsjanarane var likevel mindre formelle og strikse, noko som mellom anna
synte seg i at programmet vart lagt fram undervegs og ikkje med ein gong dei
kom. Programpostar kunne også verte avlyste på grunn av tidsmangel, noko som
ikkje hende i Kina. Men turen var likevel tettpakka med eit program som
kunne ta pusten frå kven som helst. Det etterlet gjestane fysisk og psykisk
utmatta, noko som verka til å hindre kritisk refleksjon.
Alle dei utanlandske delegasjonane la merke til at dei gjorde tilfeldige
stopp til dømes på grunn av punkteringar, og at dei ikkje såg soldatar eller
vakter med våpen på stadene dei besøkte. Dette vart til bevis for at
forteljingane om overgrep ikkje kunne stemme. Dei skjøna ikkje eller ville
ikkje skjøne at dei kambodsjanske vertane på førehand hadde sikra seg at det
ikkje hende noko upassande i nærleiken av stadene der utanlandske
delegasjonar reiste forbi, og at alle dei møtte, visste kven dei var, kva
ærend dei reiste i, og ikkje minst at det var partikadrar som reiste saman
med dei.
Avgjerande for den vellykka iscenesettinga var dei alltid effektive og
tilstadeverande reiseleiarane. Dei visste å kome all spontanitet i
forkjøpet, og skapte ein lukka omgjevnad rundt gjestane. Sjølv om
nordmennene fleire gonger spurde seg om det var potemkinkulissar dei såg,
vart dei fanga inn av det harmoniske samspelet mellom vertane si
iscenesetting og deira eigen ideologiske fantasi, som stengde ute empiriske
ulikskapar mellom røyndommen og det dei erkjende. Difor let dei seg føre til
modellinstitusjonar utan å problematisere om desse var representative.
Dei nordiske maoistpartia sitt tilhøve til Demokratisk Kampuchea utvikla seg
ulikt. Alt i 1975 vart det skipa vennskapssamband både i Sverige og Noreg,
men i Danmark vart det med ei solidaritetsrørsle. Leia av den
karismatiske formannen Benito Scocozza byrja også danske ml-arar tidleg å
stille kritiske spørsmål om Raude Khmer sin sosialisme, sjølv om dette møtte
noko motbør internt i partiet.
Skilnadene mellom Noreg og Sverige på eine sida og Danmark på den andre
handlar dels om ulikskapar mellom tonegjevande personar, den meir akademiske
Scocozza versus Tron Øgrim og Jan Myrdal, dels om at det
maoistiske miljøet i Noreg og Sverige var større enn i Danmark og difor
ikkje trong trekke på støtte utanfor rørsla, og dels om at AKP og SKP hadde
lagt seg lenger til venstre enn KAP. Det var det sterke maoistiske miljøet i
Sverige, og endå meir i Noreg, som førte til at ein fekk lenger og
kraftigare støtte til Pol Pot i Sverige og Noreg, skriv den
danske historikaren Peter Fredriksen i boka «Kindkys af Pol Pot» (2004).
Støtte til Demokratisk Kampuchea var AKP (m-l) si politiske line eit godt
stykke ut på 1980-talet, sjølv om det vart meir og meir kontroversielt
innanfor partiet. I 1981 måtte sjefsideolog Tron Øgrim rykke ut i Røde Fane
og forsvare partilina mot kritikk frå Klassekampens tidlegare
utanriksredaktør Eirik Rossen. Øgrim innrømde då kritikkverdige tilhøve, men
hevda at Kambodsja likevel var eit løfterikt eksperiment i den 3. verda.
Då filmen «The Killing Fields» vart sett opp
på kino i mars 1985, kunne Klassekampen slå opp over fire sider at
hovudpersonen, Dith Pran, hadde vore medløpar for vietnamesarane og
skildringane frå Kambodsja difor ikkje var til å stole på. Men same året
medga Pål Steigan i boka «På den himmelske freds plass» (1985) at «det er
også nokså sannsynlig at evakueringa kan ha gått nokså hardt for seg, at
folk kan ha dødd av utmattelse og ikke minst folk som var gamle eller
svakelige fra før». Det sat langt inne, men var i alle fall eit steg frå då
han seks år tidlegare skreiv at «en skulle være ganske idiotisk dersom en ga
seg til å sulte i Kampuchea.»
Klassekampen 25.9 2007.